Viðir frå Hellubæ

Viðir fra Hellubæ

Viðir er fødd i 1990, og er etter Dagur frå Kjarnholtum 1 og Gola frå Hellubæ.

Denne vaksne karen er godt likt blant både rutinerte ryttarar og nybegynnarar. Viðir har Jofrid hatt sidan ho var 15 år. Han har gått mange konkurransar med henne på ryggen, og ekvipasjen er framleis å sjå på konkurransebanar i ny og ne. Viðir vart importert frå Island, og gjorde det også godt på konkurransebanen der. Han har mellom anna vore med på stevnet Landsmot på Island.

Denne hesten kan ris av alle. Han har mykje lærdom å gi for den som vil ta imot.