Rideundervisning

Jofrid tilbyr rideundervisning heime på garden og som innleidd instruktør. Ho instruerer alle aldersgrupper og nivå.

Ta gjerne kontakt, så finn me eit tilbod som kan passe deg.

«Å få arbeide med hobbyen sin er eit stort privilegium.»

Jofrid er utdanna B-instruktør innan islandshest frå norsk hestesenter på Starum. Ho er oppvaksen på ein hestegard, og har mellom anna jobba hjå Einar Øder Magnusson, tidlegare landslagsleiar for Island innan islandshest, og Hilde O. Madland, A-instruktør innan islandshest.

– Det er utruleg givande når mine erfaringar kan hjelpe andre i si riding, seier Jofrid om kvifor ho liker å instruere.

Les meir om bakgrunn her.

 

 Tilbod

Me tilbyr og rideundervisning for alle aldrar og nivå. Ryttarane skal ha det kjekt saman med hesten, og lære korleis dei skal handtere dyra på ein sikker måte med respekt.

På garden har me dressurbane og fine turområder, som me nyttar i undervisninga. Hestane har ei god grunnutdanning, og nokre av dei har vore og er framleis gode konkurransehestar.

 

Helgekurs

Me arrangerer helgekurs på Baklia gard. Der har me dressurbane på 25*40 meter.

Du kan låne hest av oss eller ta med din eigen, om du har. Me legg vekt på at våre hestar skal ha ei solid utdanning for å nyttast i undervisning. Dette for at ryttarane skal lære mest mogleg. Me har hestar som passar både nybegynnarar og erfarne ryttarar.

Les meir om helgekurs her.

Rideskule

Me ridetimar måndag, torsdag og fredag ettermiddag.

Les meir om rideskulen her.

Me er opptekne av at elevane skal ha ei god oppleving på hesteryggen, og lære om samspelet mellom hest og ryttar. Leik og moro med hesten er ein viktig del av læringa for dei yngste.

– Det viktigaste er å møte elevane der dei er. Målet er å hjelpe alle eit steg vidare som ryttarar, seier Jofrid, om sine tankar om rideundervisning og utvikling.

Det er gode turmoglegheiter på garden og rundt garden, noko elevane vil få glede av i undervisninga.

 

Påmelding

Du kan melde deg på til Jofrid på e-post: jofrid(at)baklia.no eller på telefon: 93882341.

Opplys gjerne om erfaring frå hesteryggen og ønskjer for timen.

Ta kontakt om du lurer på noko.

 

Prisar

(For 2017)

Rideskule:

  • Haust: Ein dag i veka 250 kr per ridetime på 45 minutt. (Vi har maks fire hestar per time, og kvar elev får grundig oppfølging.)
  • Knøttegruppe til hausten: Barn under fem år kan ri på knøttegruppe. Prisen er 150 kroner for 45 minutt, og foreldre må vere med for og leie/gå ved sida av hesten.

Helgekurs og drop-in timar:

  • Ridetime på 45 min med ein elev, 400 kr.
  • Ridetime på 45 minutt med to elevar, 350 kr.
  • Ridetime på 45 minutt med tre elevar, 300 kr.
  • Ridetime med eigen hest,  300 kroner for 45 minutt. (350 kr når instruktøren må reise.)

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Dalvar fra Utgard