Trening av hest

Temming, gangsetting og trening av hesten din kan vere aktuelt for kortare eller lengre periodar.

Hjå Baklia Islandshestar vert det lagt vekt på ei grundig skulering av hesten på ein positiv måte.

«Hesten må ikkje lære verken å tølte eller trave. Den kan alt. Det hesten må lære er kommunikasjon med ryttaren, og motsett.»

 Hest i trening

Me høyrer gjerne frå deg om du kunne tenke deg å sende hesten din i trening til Baklia. Ridebane og gode turforhold gir varierte treningsmoglegheiter for hestane.

– Du må sette noko inn på kontoen, før du kan ta noko ut, sa Einar Øder Magnusson, til Jofrid då ho jobba på garden hans på Island.

Denne setninga om trening frå ein kunnskapsrik læremeister festa seg. Jofrid er oppteken av systematisk trening for å nå målsetningane.

 

Prisar

Trening av hoppe/vallak, 5.000 kroner eks. mva. for ein månad.

Trening av hingst, 6.000 kroner eks. mva. for ein månad.