Tilbod

«Bak ein kvar profesjonell er det ein amatør som har nekta å gi seg.»

 

Rideundervisning

Me tilbyr og rideundervisning for alle aldrar og nivå. Ryttarane skal få gode opplevingar saman med hestane, og lære korleis dei skal handtere dyra på ein sikker måte med respekt.

På garden har me dressurbane og fine turområder, som me nyttar i undervisninga. Hestane har ei god grunnutdanning, og nokre av dei har vore og er framleis gode konkurransehestar.

Les meir om rideundervisning og rideskule her.

 

Trening av hest

Skal du på ferie eller treng du hjelp med temming, gangsetting eller trening av hesten din? Ta gjerne kontakt.

Jofrid har erfaring frå temming, trening, turriding og konkurranseriding på islandshest. Ho har også noko erfaring frå andre hesterasar. (Du kan lese meir om bakgrunn og erfaring her.)

Me legg vekt på grundig skulering av hestane på ein positiv måte.

Les meir om å ha hest i trening hjå Baklia Islandshestar her.

 

Turar

Det er vakkert terreng for tur rundt garden. Me kan tilby skreddarsydd turopplegg for grupper. Turane kan vere frå 45 minutt til 3 timar. Ta kontakt om du vil melde deg på tur.

 

Alt frå teambuilding til bursdag

Me kan også tilby opplegg med hest, ridning og gardsliv til både barnebursdag og teambuilding. Eit opplegg med ridning og aktivitetar på garden er også svært populært når vennegjengen skal finne på noko ekstra, eller kanskje ei fin sommaravslutning for klubben din?

Her er det berre kreativiteten som sett grenser. Kom gjerne med dine innspel om dette skulle vere aktuelt.

 

Hest på stall

For tida er det ingen ledige stallplassar til leige, men stikk gjerne innom stallen for ein kikk og kaffi.