Rideskule i 2018

Me har rideskule måndagar, torsdagar og fredagar under slagordet: Fridom på fire bein.

 

Praktisk informasjon

  • Haustsemesteret startar opp i september, og går frå veke 36-48.
  • Vintersemesteret begynner like over nyttår i veke 2, og går fram til påske.
  • Sommarsemesteret startar i mai og held fram til skulen sin sommarferie.

Ryttarane kan melde seg på måndag, torsdag eller fredag.

På fredag er det mogleg å ri både på dagtid og ettermiddag. På mandagar og torsdagar er det mogleg å ri på ettermiddagen (frå klokka 17.00).

 

Påmelding

Du kan melde deg på til Jofrid på e-post: jofrid(at)baklia.no eller på telefon: 93882341.

Opplys gjerne om erfaring frå hesteryggen og ønskjer for timen. Sei også frå om ønska tidspunkt for ridetimen.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

 

Informasjon om rideskulen

I rideskulen kan du låne hest av oss, eller ta med din eigen. Me legg vekt på at våre hestar skal ha ei solid utdanning. Dette for at ryttarane skal lære mest mogleg. Baklia Islandshestar har hestar som passar både nybegynnarar og erfarne ryttarar.

Me er opptekne av at elevane skal  ha ei god oppleving på hesteryggen, og lære om samspelet mellom hest og ryttar. Leik og moro med hesten er ein viktig del av læringa for dei yngste.

– Det viktigaste er å møte elevane der dei er. Målet er å hjelpe alle eit steg vidare som ryttarar, seier Jofrid, om rideundervisning og utvikling.

Det er gode turmoglegheiter på garden og rundt garden, noko elevane vil få glede av i undervisninga. Me har også dressurbane på 25*40 meter med solid gjerde. Det er ein liten ridehall like ved stallen, som blir nytta når vêrgudane ikkje speler heilt på lag med oss.

 

Prisar

(For 2018)

Rideskule

  • Haustsemesteret: Ein dag i veka 250 kr per ridetime på 45 minutt. (Vi har maks fire hestar per time, og kvar elev får grundig oppfølging.)
  • Knøttegruppe til haustsemesteret: Barn under fem år kan ri på knøttegruppe. Prisen er 150 kroner for 45 minutt, og foreldre må vere med og leie/gå ved sida av hesten.
  • Det er familierabatt på prisane om fleire i ein familie deltek.

Helgekurs

Me arrangerer også helgekurs på Baklia gard.

Helgekurs og drop-in timar:

  • Ridetime på 45 min med ein elev, 400 kr.
  • Ridetime på 45 minutt med to elevar, 350 kr.
  • Ridetime på 45 minutt med tre elevar, 300 kr.
  • Ridetime med eigen hest,  300 kroner for 45 minutt. (350-400 kr når instruktøren må reise.)