Opplegg tilpassa grupper

Barnebursdag, samling med venner, lag og organisasjonar eller jobben. Me kan tilby eit tilpassa opplegg på garden.

Her er det stort sett fantasien som sett grenser. Me kan tilby opplegg med ridning, omvisning på garden, konkurransar, friluftsliv og tur.

Noko av det som er mogleg: Me har tidlegare arrangert barnebursdag i stallen og i skogen, sommaravslutning for organisajonar, utdrikningslag, cowboykveld eller cowgirlkveld med konkurransar og grilling, tur i skogen med grilling på bålpanne eller stormkjøkken. Kanskje har du ein plan me kan hjelpe deg å realisere?

Ta kontakt med Jofrid på e-post: jofrid@baklia.no for å komme fram til ditt opplegg og pris.