Om oss

Namnet Baklia kjem frå lia like nedfor tunet. Det er Sven Håvard og Jofrid som har valgt å bruke dette namnet. I 2013 overtok ekteparet Sven Håvard sin heime gard på Seldal. Jentene deira, Hanna Elene og Bothilde, er ofte med på det som skal gjerast ute, og trivst veldig godt på hesteryggen.

Evy Ann og Kjell Audun Seldal, foreldra til Sven Håvard, har gjort mye med garden. Dei kjøpte garden av onkel og tante til Evy Ann i 1981, og har flytta gardstunet,  bygd driftsbygning til sau og ammeku, bygd nytt våningshus og dyrka jord.

Sven Håvard er utdanna anleggsmaskinmekanikar og arbeider hjå firmaet Cramo. Sven Håvard fikser det meste og liker veldig godt tekniske utfordringar. Han er også glad i friluftsliv i form av fjellturar, klatring og tek seg også gjerne ein tur på hesteryggen.

Jofrid er utdanna rideinstruktør, journalist og snart bonde, frå Vinterlandbruksskulen på Jæren. Ved sida av garden arbeider ho i fagbladet Bondevennen. Jofrid vaks opp på ein liten gard på Høle, som heiter Utgard. Der hadde dei både islandshest og sau, etterkvart vart det meir og meir hest.

Far til Jofrid, Einar Åsland, er ein erfaren hestekar. Ho har arva både entusiasme for og kunnskap om hest frå faren. Logoen til Baklia Islandshestar er laga ut frå eit bilete av Einar på hesten sin Baldur i flygande pass. Bente Åsland har også mykje kunnskap om hest, og har vore ein viktig støttespelar på konkurransebanen. Jofrid har ridd konkurransar sidan ho var 11 år.

Jofrid har arbeida fulltid med hest i Noreg hjå Hilde O. Madland, på Gøysa Islandshestsenter, og på Island hjå Einar Øder Magnusson og Svanhvit Kristjánsdóttir på garden Halakot. Einar var ein kjend ryttar på Island, og landslagstrenar for det islandske landslaget innan islandshestriding. Svanhvit er ein merittert ryttar på Island.

På Baklia gard er drifta i dag sau og islandshest. Reiskapshus, stall og ridebane er kome på plass dei seinare åra. Sven Håvard har gjort det meste av arbeidet med reiskapshuset sjølv. Stallen har Einar også mykje av æra for. Ridebanen er opparbeida av Odd Magne Seldal, onkel til Sven Håvard, og Kjell Audun saman med Sven Håvard. Gode hjelparar har vore fantastisk for å få til eit godt resultat.

På garden er det tilbod om rideundervisning, trening av hest og utleige av stallplass.