Historie

Me arbeider med å skrive ned litt historie om garden med utgangspunkt i førstehands kjelder. Her finst mange spanande historier gøymd mellom haug og hammar.

Grunnmuren etter ei gamal høyløe vitnar om aktivitet frå tidlegare generasjonar. Sven Håvard og Jofrid har ein draum om å restaurere denne høyløa.

På heia ligg steinar, som har vore nytta som barrikade under andre verdskrig.

Det har også vore kvartsgruve og kråkesølvgruve på garden. Kvartesen viste seg å ikkje vere rein nok for steintøyproduksjon.