Dama frå Utgard

Dama frå Utgard er født i 2009, og er etter hingsten Glóðafeykir frå Halakoti og Diva frå Halakoti.

Denne hoppa er heilt spesiell for Jofrid. Dama kom til Noreg transportert i magen til Diva, og var Jofrid sin bonus frå eigarane av garden Halakot på Island, Einar Øder Magnusson og Svankvit Kristjansdottir. Hoppa Diva var del av lønna for arbeidet med trening og temming av hest, og blei bedekt med gardens beste hingst, Glóðafeykir.

Begge foreldra til Dama har spesielt godt lynne, noko som har gått i arv. Dama er svært tillitsfull og kjekk å arbeide med.

Denne hoppa blir trent mot konkurransar, og er femgjengar.